Bilderetreat
Leif Sæther,
som skal holde retreaten
sier:
For meg er Salme 34,9 blitt som eit lite mottovers: "Smak og sjå at Herren er god". Det er sentralt i vår Bibelbok at den kristne åpenbaring er eit sansbart fenomen. Apostlane og profetane høyrde, såg og berørte Gudsrikets nærvær i sine liv. Kan vi øve oss i å registrere meir av Guds nærvær i vår eigen kvardag som virkelig og sansbart? Mange spør om det finst ein god og allmektig Gud i ei så vond verd. Kan vi snu på det og heller spørje om det ville vere mulig å oppleve glimt av godhet, skjønnhet, sannhet i ei så vond og vanskeleg verd utan at det også finst ein god Gud her? Dette blir vel til sjuande og sist spørsmål om livstolkning. Kristentrua utfordrar oss på å tolke våre sanseinntrykk i lys av at det er spor av Jesus i vår aller mest trivielle kvardag. I tråd med dette brukar eg ofte også bilde som ikkje har spesifikt kristne motiv. Eg tenkjer at det er i eit heilt vanleg menneskeliv vi praktiserer vår kristne tru. Eg har inntrykk av at ofte slit med å finne åndeleg meining med mykje av det daglegdagse fordi forkynning og tradisjonell kristen spiritualitet lett blir for ujordisk. Terminologi og opplevingsbeskrivelsar har lett for å miste tilknytning til vår faktiske virkelighet.
Meditativ bruk av bilde kan kanskje vere med å åpne for at vi oppdagar meir av himmellyset også i det kvardagsdunkle. «Det er ei underleg forestilling vi har av Gud dersom vi berre ser på verda han har skapt som distraksjon i vårt bønneliv. Langt betre å bruke vår Gud-gitte synssans som hjelp til å be…» (H Morgan).

Leif sier om seg selv
Min bakgrunn:
Prest sidan 1974, mest som menighetsprest i Den norske kyrkja. Aktiv i Ekteskapsdialog på 1980-90-talet saman med kona mi Kari. Etterutdanning og erfaring i retreatarbeid. Utdanning i bildekunst på 2000-talet. For tida deltids fengselsprest og pensjonist. Opplegget eg brukar på bilderetreat er inspirert av inntrykk frå britisk retreatbevegelse, bl. a. Henry Morgan og hans Annunciation Trust for åndeleg veiledning (heimeside på i-net).